Nr. 3 - September 2003 - Årgang 53

Bøn
Sjå ikkje på meg Gud
med’eg tel opp pengane
til di tempelkiste.

Snu deg bort frå meg
når eg skal gje
til den trengjande,
for er har så uviljuge hender.

Legg ikkje rikdomens
tunge bør på meg
om eg ikkje får
eit nytt hjarte.

Gje meg ikkje mykje gods
om eg ikkje får
ei hand som er god.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen


Tilbake til innholdsfortegnelsen